2020-08-04%2018.28_edited.jpg

REIARLAG

ROSLAGEN SHIPPING AS

BULKTRANSPORT
 

Roslagen Shipping er eit reiarlag med sjølvlossarar og sandsugarar som opererer langs heile norskekysten.

Vi har 50 års erfaring med sjøtransport av sand, singel, asfalt, skjelsandopptak og diverse spesialjobbar innan mudring og sjøfylling.

SKJELSAND
 

Skjelsand er eit 100% reint naturprodukt som blir hausta frå havbotn.

Skjelsand har mange bruksområde som til dømes jordforbetring, kalking
av landbruksjord, hønsefor, strøsand og reinvasking av avløp. Skjelsand vert og brukt til å lage sandstrender.

MUDRING
 

Roslagen Shipping har veleigna båtar for sandpumping/mudring og transport av våte/lause massar og særs god kompetanse til å utføre dette. Vi har mudra frå nord til sør på mange forskjellige prosjekt.

 

Aktuelt.

ROSLAGEN SHIPPING AS

Reiarlaget blei etablert av Johan Mostraum i 1971. 

I 1997 blei det omgjort til AS og generasjonsskiftet kom i 2004 då sonen Jon Fredrik Mostraum overtok den daglege leiinga. Jon Fredrik og Mary Ann Mostraum eig og driv no familiereiarlaget saman.

 

Reiarlaget har vakse jamt og trutt til to sjølvlossarar utstyrt med gravemaskin, og to spesialfartøy for sandpumping/mudring og transport av våte/lause massar.

 

Reiarlaget er ei opplæringsbedrift, har kontor på Leknes og verkstad på Hjelmås i Alver kommune.

 

Vi har 50 års erfaring med sjøtransport av sand, singel, asfalt, skjelsandopptak og diverse spesialjobbar innan mudring og sjøfylling. Vi er eit av få i Noreg, og einaste selskapet frå Vestland som har konsesjonar og driv med opptak av skjelsand og pumping til badestrender.

 

KONTAKT OSS

SEND SPØRSMÅL OM SANDSTRAND TIL SANDSTRAND@ROSLAGEN.NO ELLER KLIKK HER!

Adresse: Leknesvegen 183, 5915 Hjelmås
Telefon:  41248128 / 41248129

Epost:     Post@roslagen.no

Takk for din henvendelse!

  • Instagram
  • Facebook Icon

FØLG OSS PÅ INSTAGRAM