top of page

STRØSAND

Screenshot 2021-01-14 at 11.45.13.png

Stadig sterkare krav til miljøvenlege produkt gjer at grov skjelsand er eit godt alternativ til strøing av glatte vintervegar i staden for salt og sand. Dei grove
skjelpartiklane er kvasse nok til at dei bit godt på glatt is og nedkøyrd snø. Resultatet vert ei ru overflate med stor friksjon.


Den lyse fargen gjer at skjelsanden trekker til seg lite varme, den vil derfor alltid bli liggande på toppen av isen og halde fram med å gje god friksjon. Når våren kjem vil
skjelsanden renna ut i vegkanten og auka pH-en på jorda etter ein vinter med eksosutslepp. Strøsand av skjelsand skadar ikkje rotorblad på snøfresarar, bilar, eller sykkeldekk.

Skjelsand – Eit miljøvenleg og reint naturprodukt frå havet.

Skjelsand er ei viktig kalkkjelde for skog og plantar. Den bidrar til å heva pH-verdien i terrenget, og har dermed ein særs positiv biverknad på naturen rundt vegbana.
Vassprøvar syner at ved sida av å heva pH-verdien, bind skjelsanden også opp tungmetall som til dømes bly.

Skjelsand er ikkje som strøsingel, som lett får ei hinne av is når temperaturen aukar og det smeltar litt før det frys på igjen. Den asymmetriske forma til skjelsanden gjer
at den ikkje sklir av underlaget på same måten som vanleg sand gjer.

Kjemisk Innhald
 

Kalsium: Ca 36%

Magnesium: Ca 1%

Kalsium rekna som kalsiumoksid (CaO) ca 50%. Kalsium rekna som kalsiumkarbonat (CaCO3) ca 90%.

Då skjelsand er eit reint naturprodukt kan det vera variasjonar i den kjemiske samansetnaden. 
 

Skjelsanden som nyttast til strøsand er sikta, og har ein kornstorleik på 2 til 6

bottom of page