Acerca de
Åpenhetslova
Menneskerettigheter og arbeidsforhold
Selskapene i konsernet Mostraum Holding AS har stort fokus på at vi skal bidra til å ivareta miljø, arbeidstakar sine rettigheter, samt vera i henhold til lover og regler. Vi fokuserer difor på ansvarleg innkjøp. Dette er innarbeida kulturelt i organisasjonen, etablert som en del av vårt samarbeid med våre leverandører og ivaretatt i våre etiske retningslinjer. Dette for å sikre ansvarlighet hos forretningsforbindingar og i heile vår leverandørkjede.
Aktsomhetsvurderinger
Mostraum Holding AS gjer fortløpande aktsomhetsvurderinger av leverandørkjeder, forretningspartnere og internt i samsvar med OECDs retningslinjer for flernasjonale selskaper.
Aktsomhetsvurderingane gjev i ein del tilfeller grunnlag for nærmare oppfølging for å forsøka å stogga, redusera eller førebyggja negative arbeidstilhøver og uakseptabel ivaretaking av menneskerettighetene. Ved negative funn vil det iverksettast tiltak for å rette opp-, og forhindra at avvika gjentakast. Vi legg vekt på å påvirka til forbetringar framfor å avslutta samarbeid. Konsernet sine kunder og samarbeidspartnere skal vera trygg på at våre varer og tenestar stammer frå bærekraftige leverandørkjedar.
Åpenhetslova
Åpenhetslova skal sikre at verksemder i Noreg respekterer- og informerer om handtering av negative tilhøver tilknytta menneskerettigheter og arbeidstilhøver ved produksjon av varer og tenestar.
Konsernet sine kundar skal vera trygge på at leveransane er i samsvar med den nye lova.
Framover vil vi fortsetta vårt arbeid med å bidra til å førebygge menneskerettighetsbrot og uanstendige arbeidstilhøver hos forretningsforbindingar og i leverandørkjeden vår. Vi legger til grunn FN sitt bærekraftsmål i dette arbeidet. Konsernet ser lova som eit positivt bidrag til å sikra alle større verksemder sin innsats for å gjera livet betre for mennesker over heile verda.
Informasjonsplikt
Du og alle har ved skriftlig førespurnad rett fra 1. juli 2022 på informasjon om korleis vi handterer faktiske og potensielle negative konsekvenser generelt og for enkelt-varer eller tenestar.
Du er velkomen til å ta kontakt om dette! Du kjem lettast fram ved å senda ein e-post til post@roslagen.no
Vi vil i hovudsak svara på førespurnadene innan tre veker frå mottak.