
SAND/GRUS
Gjennom våre samarbeidspartnarar kan vi tilby sal av mellom anna;
● Sand
● Singel
● Stein
● Pukk
● Grus
Vi kan også hjelpe med andre fraksjonar. Ta kontakt for meir informasjon


SKJELSAND
Skjelsand er ein viktig kalk-kjelde for skog og plantar. Den bidrar til å heva pH-verdien i terrenget, og har dermed ei særs god bi-effekt på naturen rundt vegbana. Vassprøvar syner at ved sidan av å heva pH-verdien, binder skjelsanden dessutan opp tungmetall som til dømes bly.
SANDSTRAND
Har du lyst å gå på ei kvit sandstrand i sommar? Ingenting slår det å bruke varme late sommardagar på stranda.
Vi tar rein skjelsand opp frå havet og bygger, eller vedlikeheldt nydelege sandstrender langs heile norskekysten.
Med andre ord, vi kan hjelpe deg med å skape sydenstemninga heime eller på hytta.




FEEDMAR
Fôrskjelsand – beste kvalitet til fjørfe
Vi leverer fôrskjelsand til fjørfe. Kalsium er essensielt for at hønene skal lage sterke eggeskal. Vår skjelsand har unike eigenskapar i form av høg porøsitet og ei stor aktiv overflate, noko som er optimalt for at fjørfe skal ha eit enkelt og effektivt næringsopptak
AGROMAR
Kalken skal ha same plass i driftsplanen som gjødsel og andre innsatsfaktorar. Kalk er eit ganske rimeleg driftsmiddel som gir langsiktig avkastning. Kan leverast med båt eller bil!
FILTRAMAR
Filtramar er eit biofilter som nyttast i avløpsanlegg for å reinse avløpsvatn, t.d. kloakk.
Filteret fjernar organisk stoff og bakteriar, og bind opp fosfor. Filteret brukar skjelsand som kan binde fosfor i mange år.
STRØSAND
Stadig sterkare krav til miljøvenlege produkt gjer at tørka, grov skjelsand er eit godt alternativ til strøing av glatte vintervegar i staden for salt og sand. Dei grove skjelpartiklane er kvasse nok til at dei bit godt på glatt is og nedkøyrd snø. Resultatet vert ei ru og glatt overflate med stor friksjon.