top of page

TJENESTER

10501981_10203288624588910_9806562666945
BULKTRANSPORT

Roslagen Shipping er eit reiarlag med sjølvlossarar og sandsugarar som opererer langs heile norskekysten.

Vi har 50 års erfaring med sjøtransport av sand, singel, asfalt, skjelsandopptak og diverse spesialjobbar innan mudring og sjøfylling. Vi er eit av få i Noreg, og einaste selskapet frå Vestland som har konsesjonar og driv med opptak av skjelsand og pumping til badestrender.

 

Båtane kan  chartrast til spesialoppdrag. Ta kontakt om det skulle vere av interesse.

Screenshot 2021-01-07 at 19.09.09.png
MUDRING

Roslagen Shipping har båtar for mudring med sandpumpe og evt. grabb,
Vi har mudra på forskjellige prosjekt, frå nord til sør
Vi har fartøy for transport av våte/lause massar.

PRODUKT

Gravel
SAND/GRUS

Vi leverer sand og grus med båt direkte til kai

● Sand
● Singel
● Stein
● Pukk
● Grus
 
Vi kan også hjelpe med andre fraksjonar. Ta kontakt for meir informasjon

Screenshot 2021-01-07 at 20.19.22.png
Skjelsand – Eit miljøvenleg og reint naturprodukt frå havet. 

Skjelsand er eit 100% reint naturprodukt som blir hausta frå havbotn.Skjelsand har mange bruksområde som til dømes jordforbetring, kalking av landbruksjord, hønsefor, strøsand og reinvasking av avløp. Skjelsand vert og brukt til å lage sandstrender

20200616_130832-EFFECTS.jpg
SANDSTRAND

Har du lyst å gå på ei kvit sandstrand i sommar? Ingenting slår det å bruke varme late sommardagar på stranda.
Vi tar rein skjelsand opp frå havet og bygger, eller vedlikeheldt nydelege sandstrender langs heile norskekysten. 
Med andre ord, vi kan hjelpe deg med å skape sydenstemninga heime eller på hytta. 

Screenshot 2021-01-07 at 20.24.01.png
Screenshot 2021-01-07 at 20.24.22.png
Wastewater-1.jpg
Screenshot 2021-01-14 at 11.45.13.png
FEEDMAR

Fôrskjelsand – beste kvalitet til fjørfe

Vi leverer fôrskjelsand til fjørfe. Kalsium er essensielt for at hønene skal lage sterke eggeskal. Vår skjelsand har unike eigenskapar i form av høg porøsitet og ei stor aktiv overflate, noko som er optimalt for at fjørfe skal ha eit enkelt og effektivt næringsopptak

AGROMAR

Kalken skal ha same plass i driftsplanen som gjødsel og andre innsatsfaktorar. Kalk er eit ganske rimeleg driftsmiddel som gir langsiktig avkastning. Kan leverast med båt eller bil!

FILTRAMAR

Filtramar er eit biofilter som nyttast i avløpsanlegg for å reinse avløpsvatn, t.d.  kloakk.

Filteret fjernar organisk stoff og bakteriar, og bind opp fosfor. Filteret brukar skjelsand som kan binde fosfor i mange år.

STRØSAND

Stadig sterkare krav til miljøvenlege produkt gjer at grov skjelsand er eit godt
alternativ til strøing av glatte vintervegar i staden for salt og sand. Dei grove
skjelpartiklane er kvasse nok til at dei bit godt på glatt is og nedkøyrd snø. Resultatet vert ei ru overflate med stor friksjon.

bottom of page