top of page
Search

Storfint besøk i dag.

I dag har me i Roslagen Shipping hatt gleda av å ha besøk av 1. kandidat Helge Andre Njåstad og 4. kandidat Stig Abrahamsen frå Vestland FrP.

Me har fått snakka om dei utfordringane som er i næringa. Samstundes har me fått høve til å belyse viktigheitene av å oppretthalda gode rammevilkår for nærskipsfarten som til dømes nettolønsordninga. Me har òg fått understreka kor viktig den "usynlege" sandflåta er for norsk infrastruktur.



No som verda står midt i ei grøn omstilling har behovet aldri vore viktigare for gode og trygge rammevilkår for å klare å realisere ei modernisering av nærskipsfarten som i mange år har blitt oversett. Me har mellom anna diskutert rederiskattordninga, kondemeringsordninga, fraktratene i sandfarten, særavgifter som råker næringa, formueskatten, opplæring og utdanning og fått formidla vårt syn på kva som må til for å få til ei berekraftig maritim næring.


Roslagen Shipping er eit familierederi med historikk som strekker seg 50 år tilbake. 50 år med lange dagar og slit der det meste av (fri)tid går med til å drifte reiarlaget. I løpet av desse åra har bedrifta bygd seg opp frå å ha ei sandskøyte med to mannsbesetning til å ha ei flåte på fem skip, og oppimot 50 ansatte. Som familiebedrift får me eit tettare forhold til dei ansatte – Dei vert ikkje berre eit namn i systemet men gode kollegaer og medhjelparar som me set pris på. Båtane våre er arbeidshestar og eit kjent syn i manga av dei mest avsidesliggande krokane på vestlandet der ingen skulle tru at nokon kunne vera entreprenør.


Til slutt har me nytta høvet til å fortelje om framtidsplanane våre og skjelsandvirksomheten vår, med dei planane me har for å kunna utvikle denne til å verta meir effektiv og leveringsdyktige, samstundes som me jobbar med å vidareutvikle denne til nye miljøvenlege produkt.



Hugs at sjøvegen er blå! Godt val!

169 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page