top of page
Search

Roslagen Shipping er Årets maritime lærebedrift 2024!

Vi er både stolte og djupt takksame for å bli tildelt denne heidersprisen. Det betyr enormt mykje for oss – og ikkje minst for dei dyktige og engasjerte tilsette som kvar dag bidreg til å løfte nye sjøfolk.

Roslagen Shipping er eit familierederi som har operert langs norskekysten i over 50 år. Som ein liten, men solid aktør i nærskipsfarten, har vi alltid hatt eit sterkt engasjement for opplæring, inkludering og rekruttering til den maritime næringa.


Vi trur på menneske – og på moglegheita til å vekse.

Hos oss handlar det ikkje berre om å lære eit fag, men om å bygge tryggleik, meistring og tilhøyrsle. Vi opnar dørene for både ungdom, vaksne og dei som har gått andre vegar i livet – fordi vi veit at det aldri er for seint å finne ein ny retning.


I 2024 hadde vi opplæringsstillingar tilsvarande 10 % av dei faste tilsette.

Vi tek imot elevar på utplassering, kandidatar frå NAV, og sjøfolk som lærer norsk gjennom språkutplassering. Vi anset også folk utan maritim bakgrunn – så lenge interessa og viljen til å lære er der.


Vi satsar på tidleg innsats og besøker skular for å så det maritime frøet.

Mange unge veit lite om kva ein maritim karriere kan innebere – vi vil vise dei moglegheitene som finst til sjøs.


Denne prisen er ei anerkjenning av våre tilsette.

Dei kombinerer fagleg dyktigheit med eit ekte engasjement for å løfte andre. Dei er mentorar, rollemodellar og ambassadørar for ein stolt del av norsk kulturarv – nærskipsfarten.


Vi håpar at denne prisen kan inspirere fleire til å satse på opplæring og inkludering. For det trengst – og det nyttar. Denne prisen viser at ein treng ikkje vera eit stort rederi for å gjere ein forskjell.


Tusen takk til alle som har vore med på reisa – denne prisen deler vi med dykk!




 
 
 

Comments


bottom of page